LO har fokus på rettferdig omstilling i arbeidslivet saman med internasjonal fagrørsle under COP27.
Frå 6. til 18. november møtest partane i FNs klimakonvensjon til årlege klimaforhandlinger i Sharm el Sheikh, Egypt, og dette er den 27. klimakonferansen.
LO deltar på COPen saman med internasjonal fagrørsle, med LOs rådgivar for berekraft Margit Norheim Lindgren og spesialrådgivar Anne-Beth Skrede.
Denne gongen er det særleg tema kring å styrke arbeidet for å hindre meir enn 1,5 graders tempreraturstiging globalt som har fokus, samt å sikre finansiering av klimatiltak og klimatilpassing i fattige land.
LO har særleg merksemd på arbeidet knytt til rettferdig omstilling for arbeidslivet, noko landa har forplikta seg til å arbeide med gjennom Parisavtalen.
Norge signerte erklæringa for rettferdig omstilling i 2018. Erklæringa bygger på Parisavtalens tekst om viktigheita av ei rettferdig omstilling til eit klimavenleg arbeidsliv for arbeidstakarar, anstendig arbeid og skaping av nye, gode jobbar.
LO deltar som vanleg saman med internasjonal fagrørsle, leia av International Trade Union Confederation, ITUC. Saman med ITUC og Just Transition Centre, vert det gjennomført møter med forskjellige lands forhandlingsdelegasjonar, og i sjølve forhandlingane deltar ein i mange ulike komitéar og møter.
I tillegg er det omfattande aktivitet på ulike tilleggs-arrangement (såkalla side-events), der LOs delegasjon deltar med innlegg og i ulike debattpanel.