om_OE_sin_rapport_om_Hjelmengutval-saka

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
Foto: Rainer Puster/iStock

Om Oslo Economics sin rapport om Hjelmenutvalg-saka

Laurdag 5. oktober hadde Klassekampen ei sak under overskrifta «Stor ståhei for ingenting». Der vart næringsministeren intervjua om ESA og Hjelmengutvalet si sak om tilhøvet mellom offentleg og privat tenesteyting. Bakgrunnen var ein ny rapport frå Oslo Economics om omfanget av offentlege tenestetilbod med konkurranseflate mot kommersielle aktørar.

LO-advokatene

Følg LO-advokatenes gruppe på Facebook. Be om å bli medlem, og få informasjon om nye innlegg direkte i din egen FB-feed.  

Næringsministeren sa at det er lite som tyder på at han vil oppfylle ESA sitt ynskje om store regelendringar for finansieringa og organiseringa av det offentlege tenestetilbodet. Han meinte at rapporten synte at staten, fylka og kommunane i liten grad driv med marknadsnær verksemd som ikkje allereie er skilt ut i eigne føretak.

ESA prøver å få Norge til å gjennomføre tiltak som det ikkje er grunnlag for i EØS-avtalen

Helst burde næringsministeren orientert ESA om at finansieringa og organiseringa av offentlege tenester er ei intern norsk sak, og lagt utgreiinga til Hjelmengutvalet i ei skuff. Høyringsinnspela har synt at ESA prøver å få Norge til å gjennomføre tiltak som det ikkje er grunnlag for i EØS-avtalen, og som ikkje er gjennomført i noko EU-land.

Korkje ESA sjølv eller Hjelmengutvalet har makta til å konkretisere kva vare- og tenestetilbod ei eventuell reform må omfatte. Det betyr at ei eventuell lovendring ikkje under noko omstende må knytast opp til det uklåre EØS-rettslege omgrepet økonomisk aktivitet. Ein slik lovgjevingsteknikk har vi hatt uheldige røynsler med før.

I 2007 trefte ESA eit vedtak om at norsk momslovgjeving var i strid med støtteregelverket

Bakgrunnen var at offentlege tenestetilbydarar fekk momskompensasjon for tenester som vart tilbydd i konkurranse med private. I 2008 endra Stortinget lova i samsvar med ESA sitt ynskje. Det bestemte at kommunar og interkommunale selskap ikkje skulle få momskompensasjon når dei dreiv økonomisk aktivitet i konkurranse med private. Økonomisk aktivitet betyr å gje innbyggarane varer- og tenester som er omfatta av støtteregelverket i EØS-avtalen. Endringane i momslovgjevinga skapte finansieringsproblem for symjehallar, idrettsanlegg og kulturhus. Dei medførte også uynskte tilpassingar for publikumstilbodet, mellom anna ved at kommunale symjehallar ikkje kan halde så mykje ope for betalande publikum som ynskjeleg.

Uheldige verknader

Dei uheldige verknadane vil bli forsterka om regjeringa no foreslår nye reglar om skatt, rekneskap og krav til overskot, slik Hjelmengutvalet vil. Oslo Economics har også kartlagt verksemd knytt til utleige, oppdragsforsking, kursverksemd, tannlegetilbod, parkering, og kino.

Meir urovekkande er likevel at konsulentselskapet har gjennomført si kartlegging med ei altfor snever forståing av kva tenester ESA-saka faktisk gjeld. Mellom anna har Oslo Economics kartlagt marinaer og småbåthamner, men ikkje dei store kommunale hamnene. Det som finnest av liknande saker i EU gjeld store hamner, mellom anna i Frankrike og Nederland. 

Næringsministeren bør ikkje bli overtydd om at ESA har laga stor ståhei for ingenting

I breva til Næringsdepartementet har ESA elles skrive at dei vil ha vurdert endringar i regelverket for sosialbustader, kraftdistribusjon, sal av konsesjonskraft og VA-sektoren. Heller ikkje desse områda har Oslo Economics sett på. For staten er økonomisk viktige område som arbeidsformidling, Husbanken, SDØE og Statens Oljefond stille forbigått. Oslo Economics har ikkje grunngitt avgrensingane, og det går heller ikkje fram av mandatet at dei har blitt bedt om å avgrense kartlegginga slik. Næringsministeren bør difor ikkje bli overtydd om at ESA har laga stor ståhei for ingenting. Tvert imot er det slik at nye reglar for tenestetilboda ESA har uttrykt uro for vil få store verknader for den offentlege økonomien og fordelingspolitikken.