reisetid__og_yrkesskadedekning_i_lov_og_tariffavtaler

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
Foto: LO/Siv Dolmen

Reisetid og yrkesskadedekning i lov og tariffavtalar

Nærare om reisetid, arbeidstid og yrkesskadedekning

LO-advokatene

Følg LO-advokatenes gruppe på Facebook. Be om å bli medlem og få informasjon om aktuelle nyheter og innlegg direkte i din egen FB feed.

Det er på det reine  at  ein arbeidstakar  sin  tid til  reise mellom bustaden  og  arbeidsoppdrag kan  reknast  som arbeidstid,  sjå innlegg den 7.1.2020 om arbeidstidsomgrepet etter arbeidsmiljølova § 10-1 og EU  sitt  arbeidstidsdirektiv.

 I Reisetidssaka  sa  Høgsterett eksplisitt at  resultatet i dommen ikkje  avklarar  innhaldet i arbeidstidsomgrepet i andre samanhengar,  korkje  i tariffavtalar eller i lovgivinga  elles. Her skal vi nå  sjå nærare på om arbeidstakaren er yrkesskadedekka ved reise. 

Hovudreglene om yrkesskadedekning på reise


I yrkesskadereglene  er det en føresetnad  for rett til yrkesskade at skadehendinga  har skjedd  «i arbeid, på  arbeidsstedet, i arbeidstiden», jf.  folketrygdlova (ftrl.)  § 13-6  og yrkesskadeforsikringslova  (ysl.)  § 10.  I juridisk terminologi blir denne formuleringa gjerne kalla «bedriftsomgrepet».   I ftrl § 13-6 er det presisert at reise til og frå arbeidet er omfatta av yrkesskadedekninga om  «transporten skjer i  arbeidsgiverens regi, eller er av en slik karakter at den medfører  vesentlig  økt risiko for skade».  Ysl  §  10  har det same innhaldet.

Vanlegvis ikkje yrkesskadedekning på reise mellom bustad og arbeidsstad


Det  har lenge vore praksis i norsk rett at arbeidstakarar ikkje er dekka av yrkesskadereglane i  folketrygdlova og yrkesskadelova på reise mellom bustaden og  den staden arbeidstakaren  skal møte for å utføre arbeid.  Grunngjevinga for ein slik praksis er at  den risikoen som ein blir utsett for  på  reise,  er ein risiko som alle trafikantar har, og som arbeidsgivaren ikkje kan påverke  ved tiltak for å redusere risiko for arbeidsskade. 

Tidligare praksis frå Høgsterett


Høgsterett handsama to dommar om yrkesskadedekning under reise  i 2000.  Den første saka  (Rt-2000-220)  gjaldt ein installasjonsinspektør som omkom  i trafikkulukke  i eigen bil på veg frå bustaden til  første kunde.  Høgsterett kom til at den omkomne ikkje var yrkesskadedekka, sjølv  om  reisa  var gjort i den alminnelege arbeidstida  og arbeidsgivar betalte  arbeidstakaren  godtgjering for bruk av eigen bil. 

Den neste saka (Rt-2000-1028), som  óg  gjaldt trafikkulukke med  dødeleg resultat under reise  frå bustaden til  første  kunde,  kom Høgsterett til  same resultat. Det gjaldt utan omsyn til  at skadelidne i denne saka  køyrde arbeidsgivarens servicebil med serviceutstyr,  reservedelar og  verktøy.  Eidsivating lagmannsrett  slo i 2002 (RG-2003-27) fast at  det same gjeld på reise heim frå  siste arbeidsstad, sjølv om denne arbeidsstaden  var ein annan  stad enn  arbeidstakaren  sin faste  arbeidsplass.

Kva gjer betre økonomisk oppgjer?


Det er grunn til å  nemne at arbeidstakarar som blir skada  i trafikkulukke på veg til arbeidsstaden, som oftast vil vere dekka av  trafikkforsikringa. Problemstillinga  om yrkesskadedekning under reise blir difor  mest aktuell om yrkesskadedekninga gir betre økonomisk oppgjer  enn oppgjer etter bilansvarsreglane, eller om skaden skjer  utanfor dekningsområdet for   bilansvaret.

Høgsterett med bod om liberalisering


I 2014 (Rt-2014-513)  kom Høgsterett  med ny dom om yrkesskade. Den saka gjaldt ikkje reise til og frå arbeid, men grunngjevinga i dommen kan  likevel  gje bod om  ei liberalisering av yrkesskadereglane i  favør av arbeidstakarane.

Skade på jobbseminar


Saka gjaldt ein arbeidstakar som kom til skade i ei akeulukke under eit   lagbyggingsarrangement i regi av arbeidsgivar. Ake-aktiviteten var ikkje obligatorisk for dei tilsette, men arbeidsgivar forventa  likevel deltaking.  Aktiviteten hadde som føremål  å styrke  lagbygginga  blant  seminardeltakarane,  og å skape  eit  positivt engasjement på  den faglege delen av seminaret. Det var arbeidsgivaren som arrangerte og betalte for aktiviteten. 

Høgsterett oppsummerte rettstilstanden slik:

  • Omgrepet  «i arbeid» er ikkje skarpt avgrensa. Kjernen i  omgrepet er utføring  av arbeidstakarens ordinære arbeidsoppgåver.  Ein arbeidstakar som blir utsett for ei ulukke på arbeidsstaden, vil  som regel vere yrkesskadedekka. Kriteriet «i arbeid» har difor  størstbetydning når ulykka  skjer utanfor arbeidsstaden.
  • Oppgåver som  blir  utført meir sporadisk, vil  bli  omfatta av omgrepet  om  dei  blir  utført  innafor  rammene  av  arbeidstakaren  sine  oppgåver. Det same gjeld  gjeremål som har nær samband med det ordinære arbeidet, til dømes deltaking på seminar. Det er då ikkje utelukka at ein skade som har skjedd under ein sosial aktivitet eller fritidsaktivitet, kan ha skjedd «i arbeid».

"Stå til arbeidsgivars disposisjon"


EU-domstolen si avgjerd i TYCO-saka er  nyare enn den siste dommen i Høgsterett. I den saka  vurderte EU-domstolen at arbeidstakarane stod til arbeidsgivar sin disposisjon under køyringa  mellom bustaden og første/siste kunde, og at denne reisetida difor var arbeidstid.  Dommen blei  følgt  opp av EFTA-domstolen si rådgjevande uttale i Reisetids-saka, der EFTA-domstolen slo fast at  intensiteten i arbeidet som arbeidstakaren utfører under reisetida, ikkje er eit moment i vurderinga.  Men om arbeidstakaren heilt fritt og  utan avbrot  kan  bruke reisetida til eigne interesser, kan det  føre til at reisetida likevel ikkje er  arbeidstid. 

Reise mellom bustad og ambulerende arbeidsstad kan bli yrkesskadedekka


Om rettspraksis frå TYCO- og Reisetidssaka vil påverke  ei  framtidig  utvikling av bedriftsomgrepet,  står att å sjå.  Som Høgsterett har  antyda  i Reisetidssaka,  vil  desse dommane  ikkje  kunne leggjast direkte til grunn for  tolkinga av bedriftsomgrepet i  folketrygdlova og yrkesskadeforsikringslova.  Det er likevel mogleg at  Reisetidssaka vil inspirere  Høgsterett  til  i  framtida  å  leggje omgrepet «på strekk», slik at  reise mellom bustad og ambulerande arbeidsstad  i  framtida  kan  bli  yrkesskadedekka.

Køyring som arbeidsaktivitet


I  avgjerd frå Finansklagenemnda  i desember 2017 (FinKN-2017-783)  fann  nemnda at arbeidstakarar som blei pålagt  arbeidsplikt under reisa, var  yrkesskadedekka. Dei aktuelle arbeidstakarane, var pålagde av arbeidsgivar å hente  utstyr  på heimveg til bruk for arbeid neste dag.  Når EFTA-domstolen  meiner  at  intensiteten av arbeidsoppgåvene ikkje er eit relevant moment ved fastsetjinga av  arbeidstid, er det  mogleg at  domstolane  framover  vil sjå på køyring som ein arbeidsaktivitet som  i seg sjølv  kan oppfylle kravet til  at arbeidstakaren skal vere «i arbeid».

Nokre døme på grensetilfelle


Finansklagenemnda er klagenemnd  for vedtak  av forsikringsselskap etter yrkesskadeforsikringslova, medan  Trygderetten er ankeinstans for vedtak gjort av NAV i medhald  av yrkesskadekapittelet i folketrygdlova.  Nyare  avgjerder frå  begge desse instansane er difor interessante  for korleis yrkesskadedekninga i reisetid blir praktisert.

Så  seint som i  april 2018 (TRR-2017-1308)  uttala Trygderetten at Høgsterett sine avgjerder frå 2000  framleis er uttrykk for gjeldande rett. I den saka  var  arbeidstakaren  ikkje  sett på som yrkesskadedekka då han blei  skada ved sin eigen garasje på veg til arbeid som  bussjåfør. 

I den motsette enden av arbeidsreiser,  kom  Finansklagenemnda i 2019 til at ein arbeidstakar som  på veg til jobb  falt på isen  på gangvegen frå  parkeringsplass  for dei tilsette og hovedinngangen  til arbeidsplassen, var utsett for ein yrkesskade. 

I eit liknande sakshøve  i 2015, der arbeidstakaren  på veg heim etter avslutta arbeid,  sklei på ein  snarveg over en  plen  4-5 meter frå inngangen til arbeidsplassen, fekk arbeidstakaren  derimot  ikkje medhald i  Trygderetten i at ho var yrkesskadedekka. Det sentrale ved avgjerda  var at skaden skjedde på ein stad som var ope for allmenta, og som ikkje var inngjerda  eller avgrensa med  hekk eller liknande.

Heimekontor


Trygderetten har og  handsama  nokre sakar  om arbeidstakarar som har blitt skade på veg til arbeidsplassen etter å ha starta på arbeidsoppgåvene heime  frå heimekontor. I  ein sak frå  september 2017 (TRR-2016-2977) meinte Trygderetten at føresetnaden for yrkesskadedekning i reisetida mellom heimekontor og arbeidsplassen hos arbeidsgivar, var at  heimen må  ha  etablert eit  heimekontor, og at  det er naudsynt å gjere ein del av arbeidet frå heimen. 

I den aktuelle saka  hadde  det vore naudsynt for skadelidne  å  førebu seg til  eit møte frå heimekontoret, og ho hadde ei avtale med arbeidsgivar om det.  I ei tidlegare sak for Trygderetten frå 2010  kom  retten til motsett  resultat. Det  blei  då vist til  som eit minstekrav at arbeid i heimen er naturleg og  naudsynt  ut frå arbeidet sin art, og at kriteriet er relativt strengt.

Trygderetten har  òg  handsama  sakar som gjeld  reise mellom arbeidsplass  og bustaden i løpet av arbeidsdagen. Trygderetten godkjende  i 2015 at  skadar  som skadelidne  fekk  etter fall på veg frå  hotellet til ein restaurant under  utanlandsoppdrag  i Afrika, var yrkesskadedekka. Skadelidne  hadde  arbeidd  på hotellet fram til middag, og skulle ta opp at arbeidet  etter  måltidet.  Ho gjekk til restauranten saman med fleire av dei ho arbeidde med, og  middagen var arrangert av  arbeidsgivar. Trygderetten såg  måltidet  som ein naturleg del av arbeidsprogrammet den dagen, og at middagen var i arbeidsgivar sin interesse. 

I 2018 kom Trygderetten til at arbeidstakar ikkje var yrkesskadedekka då ho gjekk heim frå jobb for å hente  attgløymde briller. Retten meinte  det  hovudsakeleg  var i arbeidstakaren sin interesse å hente brillene, sjølv om ho trengde dei til nokre  av gjeremåla  på jobben.

Yrkesskadedekning i reisetid etter tariffavtalar  


Etter  Hovudtariffavtalen  for  kommunesektoren  § 11.2  er arbeidstakarane yrkesskadedekka når skaden skjer  «ved ulykke på  direkte reise mellom  hjem  og arbeidssted  og på  tjenestereise». Tilsvarande formulering finst og  i  Hovudtariffavtalen i staten § 24 nr. 1, Overeinskomst med Oslo kommune  § 5.1.2 og andre overeinskomster. 

Formuleringa i desse tariffavtalane gjer at  problemstillingane som er skildra over, ikkje er dei same for arbeidstakarar som er tilsett i  kommunale, fylkeskommunale og statlege verksemder. Ein føresetnad er at reisa er ei direkte reise. Om  arbeidstakaren tek pause eller avstikkar frå den naturlege reiseruta for å gjere private gjeremål, vil ho ikkje vere yrkesskadedekka i denne delen av reisa.