Har du en sangfulg i magen og er glad i arbeidersanger?

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Har du en sangfulg i magen og er glad i arbeidersanger?

Rødstrupene – sosialistisk kor treng fleire medlemer!

Korsong har ei rik historie og er ein godt rotfesta tradisjon i arbeiderrørsla over heile landet. Kva er vel flottare på 1. mai, mellom appellane, enn eit kor som kan framføra «Internasjonalen», «Vi bygger landet», «Frihetens forpost» og andre tradisjonelle songar frå venstreside-/arbeiderrørslerepertoaret? Diverre er det færre slike kor no i desse dagar, men det har me no gjort noko med, i alle fall her i Tønsbergdistriktet: Hausten 2022 starta me opp med øvingar og har hatt framføringar på 1. mai dei to siste åra!


Dette er eit kor som skal synga songar med meining og bodskap og kunna delta med framføringar og løfta stemninga i samband med arrangement som 8. mars, årsmøter, valvaker og andre markeringar.
Bur du i Tønsberg eller omliggande distrikt, har ei venstrevridd grunnhaldning og er glad i song og musikk er dette absolutt noko for deg!


Er du glad i å synga er du hjarteleg velkomen i koret. Du treng ikkje kunna noter då me lagar øvingslydfiler for alle songane for å hjelpa til med innøving av stemmane. Me jobbar i stor grad med 3-stemte arrangement, dvs med alt, sopran og baryton, men med nokre songar med 4 stemmer. Gjennom repertoaret vårt tek me sikte på å ta vare på den tradisjonelle songskatten frå arbeiderrørsla i tillegg til å synga anna repertoar som gjev uttrykk for meiningar og haldningar og kommenterer aktuelle saker gjennom framføring av høvelege songar om fred, rettferd, miljø/klima og mellommenneskelege tilhøve.


Me øver tysdagar kl. 19-21 i Kammegata 7 i Tønsberg
Kontakt meg på epost didjeridust@gmail.com eller mobil 41552055 om du ynskjer å vera med
– Vyrdsamt Egil Heine Strand, dirigent

Kontakt