Fagpolitiskkonferanse

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon

Fagleg-politisk konferanse

Fagleg-politisk konferanse 31.05 og 01.06.2024 på Park Hotel, Vossevangen.

Samarbeidskomiteen Ap og LO i Vestland arrangerer fagleg-politisk konferanse 31.05.og 01.06. Konferansen er den 43 i rekka, og vert arrangert på Park Hotel, Vossevangen. Tidsramma for konferansen er fredag frå kl. 13:30 til laurdag kl. 13:00. Tidene på konferansen er tilpassa tog frå Bergen kl. 11.49 (ankomst kl. 12.58) og tog tilbake frå Voss kl. 14.15.  Programmet er under arbeid. Tema for konferansen i år ideologi og verdiar på fredag. På laurdag vert det fokus på kompetanseheving og kunstig intelligens.

 

Innleiarar:

•          Stortingspresident Masud Gharahkhani

•          LO sekretær Are Tomasgard (ikkje stadfesta)

•          Fylkesleiar og stortingsrepresentant Marte Mjøs Persen

•          Stortingsrepresentant Siri Gåsemyr Staalesen

•          Digitaliserings- og forvaltningsminister, Karianne Oldernes Tung (ikkje stadfesta)

•          Forbundsleiar i HK Christopher Beckham (ikkje stadfesta)

•          Forbundsleiar i Skolenes Landsforbund Mette Johnsen Walker

•          Spesialrådgjevar i LO Kjetil Staalesen

 

Vi har ei grense på 100 deltakarar. Det er derfor viktig at du melder deg på tidleg. Konferanseavgifta med overnatting og full matpakke er kr 2570,- per person i enkeltrom. Dagpakke på fredag og laurdag kostar kr 575 for kvar av dagane. Middag laurdag kostar kr 575.

Du betaler direkte til hotellet eller ber om at hotellet sender faktura til deg. Meir informasjon i påmeldingsskjemaet.

Påmelding: Trykk her.