Permitteringsregelverket for fiskeindustrien endrast

Gå til hovedinnhold Gå til navigasjon
Portrettbilde av Terje Olsson
- Det har vore ein heilt uhaldbar situasjon, der fleire tilsette har blitt ståande utan både løn og dagpengar. Eg er glad for at regjeringa no har tatt tak i dette. Det vil betre tilhøva for arbeidstakarane i fiskeindustrien, seier LO-sekretær Terje Olsson.

Permitteringsregelverket for fiskeindustrien endrast

– Dette er godt nytt frå regjeringa, og på høg tid! seier LO-sekretær Terje Olsson. Etter fleire innspel frå LO og NNN har regjeringa no imøtekome kravet om endring i permitteringsregelverket for fiskeindustrien.

Regjeringa melde fredag 21. juni at dei no vil utvide dagpengeperioden for dei permitterte i fiskeindustrien midlertidig, frå 26 til 52 veker innanfor ei periode på 18 månadar. Endringane skal sikre inntekt til tilsette som har vore lenge permittert.

– Folk skal vere sikra inntekt når dei plutseleg står utan jobb over tid. Reglane som gjeld i dag har slått negativt ut for tilsette i fiskeindustrien, noko regjeringa vil rette opp i. No har vi lytta til industrien og vi føreslår derfor å styrke rettane til dei tilsette, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna, på Regjeringen.no.

– Det har vore ein heilt uhaldbar situasjon, der fleire tilsette har blitt ståande utan både løn og dagpengar. Eg er glad for at regjeringa no har tatt tak i dette. Det vil betre tilhøva for arbeidstakarane i fiskeindustrien, seier LO-sekretær Terje Olsson.

Bakgrunn

På grunn av naturlege svingingar i tilgongen på fisk, vêrforhold, kvoter, mm er det særreglar for permitteringar i fiskeindustrien. Dei permitterte har til dømes ikkje karensdagar, og bedrifta kan permittere tilsette på tre dagars varsel ved mangel på ferskt råstoff.

Tidlegare regjering gjorde endring i permitteringsregelverket for fiskeindustrien, og dette vedtaket vart iverksett 1. januar 2022. Dette medførte at talet på veker ein kan vere permittert innanfor ei 18 månadars periode vart redusert frå 52 til 26 veker. Fleire arbeidstakarar har opplevd å stå utan løn, og utan rett til dagpengar fordi permitteringsdagane er oppbrukte.

Etter initiativ frå LO, NNN og Sjømat Norge sette statsråd Mjøs Persen ned eit partssamansett utval som skulle vurdere heilheita i særreglane for fiskeindustrien. Utvalet leverte sin rapport i juli 2023. Rapporten viser at permitterte i fiskeindustrien på grunn av endringa i særreglane etterkvart hamna i ein situasjon der dei verken har krav på dagpengar eller løn frå arbeidsgivar.

LO, NNN og Fellesforbundet deltok i den partssamansette arbeidsgruppa, og påpeika i ein særmerknad; «LO, NNN og Fellesforbundet meiner det er uhaldbart at permitterte i fiskeindustrien blir ståande utan inntekt når dagpengeperioden er brukt opp. Desse medlemmene meiner derfor at perioden med rett til dagpengar bør utvidast frå 26 veker til 52 veker innanfor ei 18 månadars-periode. Eit alternativ kan vere at arbeidsgivar får lønsplikt når tillatt periode med dagpengar (26 veker) er brukt opp, slik regelen er for andre permitterte. Særreglane om unntak frå lønspliktperiode 1 og unntak frå ventedagar kan likevel bestå.»

Regjeringa melder at dei i første omgang vil utvide dagpengeperioden for permitterte frå 26 til 52 veker og at dette trer i kraft så raskt som mogleg. Deretter vil regjeringa kome med eit høyringsnotat som føreslår å innføre lønsplikt etter 26 veker for bedrifter i fiskeindustrien, på same måte som permitteringsordninga for andre verksemder.

Kontakt