Landsorganisasjonen i Norge

Klima

Fullskala CO₂-handtering – verdiskaping, arbeidsplassar og spreiingspotensial

- Karbonfangst- og lagring (CCS), er heilt nødvendig dersom vi skal klare å levere på klimamåla, både nasjonalt, men særleg globalt. Det ikkje er noko alternativ til å levere på klimamåla. Det er noko vi skal!, sa LO-sekretær Are Tomasgard. I dag blei rapporten "Industrielle muligheter og arbeidsplasser ved CO2-håndtering i Norge" lansert.

På oppdrag frå LO, NHO, Norsk olje- og gass, Norsk Industri, Fellesforbundet og Industri Energi har SINTEF og NTNU utarbeida rapporten Industrielle muligheter og arbeidsplasser ved CO2-håndtering i Norge.

- Det er gledeleg at det i dei internasjonale klimaforhandlingane har vore eit gjennombrot for begrepet "Just Transition" – rettferdig omstilling for arbeidsfolk og arbeidsliv – , og at dette er på plass i Parisavtalen.

Tomasgard påpeika at vi må ha ei rettferdig omstilling til lågutsleppssamfunnet her heime, òg.

- Rettferdig omstilling betyr at sosial dialog og reell medverknad for arbeidstakarane og verksemdene som må omstillast, er på plass, at ordningar for etter- og vidareutdanning sikrar ein god overgang til eit endra arbeidsliv, at trygge velferdsordningar gir eit godt sikkerheitsnett.

- Rettferdig omstilling betyr òg at myndigheitene stiller med føreseielege rammer som muliggjer ei planlagt og omforeint omstilling, og at myndigheitene også investerer i lågutsleppsløysingar for eit klimavenleg arbeidsliv. Dette må til om vi skal få folk med, og ikkje mot, på vegen til ei klimavenleg framtid med gode og trygge jobbar.

Nesten alle norske rapportar om CCS dreiar seg om spennande teknologi, eller store kostnader. Hittil har ingen sett på kva slags samfunnsnytte vi kan få ved å satse skikkeleg på CCS i, og frå, Norge. Både på kort og lang sikt. Og ingen har sett på sysselsettingspotensialet, - kor mange og kva slags arbeidsplassar vi kan skape i ei ny næring. Og ikkje minst korleis CCS kan sikre eksisterande arbeidsplassar.

- Dette manglar i den norske CCS-debatten! Derfor ønsker vi å bringe denne kunnskapen, som vi meiner er heilt grunnleggande, inn i debatten om den norske CCS-satsinga. Norge kan bygge CCS-satsinga på skuldrane til dagens kompetansearbeidsplassar innan olje- og gassektoren, innan vår maritime industri og innan prosessindustri og miljøteknologi.

- Dette er noko vi kan få til. Men det krev politisk vilje, og mot til å tenke langsiktig og heilheitleg. Eg er glad for at vi no har ein spennande rapport frå Sintef. Ein rapport som etter vårt syn gir heilt nødvendig og tungtvegande informasjon, når beslutningane om CCS-satsing i Norge skal takast, sa Are Tomasgard

Flere aktuelle saker

Se alle artikler