Landsorganisasjonen i Norge

Rettferdig omstilling
Fagrørslas deltakarar på "Joint Seminar on Just Transition between Poland and Norway", 25. oktober 2018.

Samarbeid om rettferdig omstilling

Polen er i år vertskap for FNs klimaforhandlingar, og har dermed presidentskapet for COP24. Klimaforhandlingane skal føregå i tida 2.-14. desember i byen Katowice sør-vest i Polen.

Det har nyleg vore førebuande møter til COP24 i Krakow, etterfølgt av eit bilateralt seminar mellom Polen og Norge om rettferdig omstilling. 

På seminaret "Joint Seminar on Just Transition between Poland and Norway" deltok fagrørsla saman med norske og polske myndigheiter og næringsliv.

LO-sekretær Are Tomasgard hadde innleiing og deltok i paneldebatt.

Les innledningen her! 

Forbundsleiar i EL og IT Forbundet, Jan Olav Andersen, områdeansvarleg i Industri Energi Forbundet, Barbro Auestad og Samantha Smith frå Just Transition Centre hadde alle innlegg om rettferdig omstilling for arbeidslivet til eit klimavenleg lågutsleppssamfunn, og frå polsk fagrørsle hadde Ewa Buzoń frå Solidaritet innleiing.

 

Flere aktuelle saker

Se alle artikler